Politiet banka opp demonstrantar i Zimbabwe

Politiet i Harare tok i bruk tåregass og batongar då fleire hundre demonstrantar protesterte mot regjeringa i sentrum av Zimbabwes hovudstad.
utenriks

Minst sju menneske vart skadde, og tilstanden for ein av dei er kritisk, opplyser leiar Nelson Chamisa i det største opposisjonspartiet i landet MDC. I tillegg vart 80 personar arrestert.

– Det kjem ikkje til å bli noka ro før vi får ei folkeregjering. Vi skal halde fram å mobilisere, sa Chamisa på ein pressekonferanse etter dei urolege protestane fredag.

Han meiner handteringa til politiet av dei som trassa protestforbodet fredag, er endå meir brutal enn under Robert Mugabes mangeårige styre.

Zimbabwes Høgsterett heldt fredag oppe forbodet mot MDCs planar om å demonstrere mot den stadig djupare økonomiske krisa i landet.

Protestsongar

Ein talsmann for partiet kunngjorde at protesten var avblåsen, men fleire hundre demonstrantar våga seg likevel ut på Africa Unity Square i Harare. Der vart dei møtt av eit massivt politioppbod.

– Ikkje gret viss eg døyr. Eg vel å døy for Zimbabwe, song nokon av demonstrantane før dei sprang bort frå skyene av tåregass.

Fleire song protestsongar om politivald.

– Vi er ikkje væpna, men politiet berre bankar oss opp medan vi sit på gata, seier ein mannleg demonstrant som vil vere anonym.

Tåregass og batongar

Politiet avviser klagar frå menneskerettsgrupper om at dei har brukt overdriven makt mot demonstrantane.

FNs menneskerettskontor er bekymra over meldingane om truslar, fysiske angrep og bortføringar av aktivistane som deltok i planlegginga av protesten.

– Vi oppmodar regjeringa innstendig til å finne måtar å samhandle med befolkninga på om dei legitime klagene deira over den økonomiske situasjonen. Vi oppmodar òg styresmaktene til å slutte å slå ned på fredelege demonstrantar, seier talsmann Rupert Colville ved FN-kontoret i Genève, ifølgje nyheitsbyrået DPA.

Langvarig politisk forsømming og strukturelle manglar har bidratt til stigande prisar på drivstoff, mat, transport og helsetenester, påpeikar Colville. I tillegg har tørke og ekstremvêr bidratt til krisa. 5 millionar av Zimbabwes 16 millionar innbyggjarar treng no humanitær hjelp.

Fleire demonstrasjonar

MDC seier dei hadde planlagt ein fredeleg protest for å presse president Emmerson Mnangagwa til å opprette ei styresmakt som kan ta hand om dei økonomiske problema. Dei vil òg presse han til å organisere rettferdige val. Fleire demonstrasjonar er planlagt i andre byar neste veke.

Mange zimbabwarar er lei av regjeringa, som lova å fikse den økonomiske krisa i landet då Mugabe vart erstatta av Mnangagwa i slutten av 2017.

Zimbabwe har vore prega av politisk uro i lang tid, og Mnangagwa vann eit omstridt val i fjor. Minst 17 menneske vart drepne under demonstrasjonar i januar då regjeringa meir enn dobla drivstoffprisane.



(©NPK)