2.500 registrerte på liste over sakna på Bahamas

2.500 menneske står på lista over sakna menneske etter orkanen på Bahamas. Men ifølgje styresmaktene er mange av namna ikkje sjekka mot lister over evakuerte.
utenriks

Ein talsmann for styresmaktene seier han reknar med at lista over sakna kjem til å krympe etter kvart som redningsarbeidet går framover og ein får meir oversikt.

Over ei veke etter at orkanen Dorian trefte Bahamas med kraftig kraft, er det offisielle talet på døde framleis 50. Men øydeleggingane er enorme, spesielt på øya Grand Bahama og på Abaco-øyene, og talet på døde er venta å stige.

Talet på hus som er knust til pinneved er stort, og redningsmannskap søkjer framleis gjennom ruinhaugane. Samtidig får redningsinnsatsen til styresmaktene sterk kritikk frå mange overlevande og evakuerte, som meiner redningsarbeidet går for sakte.

(©NPK)