Bagasjetilsette har tatt opp att arbeidet på Kastrup

Bagasjetilsette i SAS Ground Handling har tatt opp att arbeidet på Københavns lufthamn etter ein fagforeiningskonflikt tidlegare på dagen.
utenriks

Dei tilsette frå fagforeininga 3F la ned arbeidet i protest mot at ein kollega som er organisert i ei anna fagforeining, møtte på jobb onsdag.

Dei fagorganiserte i 3F meiner at kollegaen, som er vikar og organisert i ingeniørforeininga IDA, må melde overgang til foreininga deira. Dei skal òg ha trua han til å byte foreining.

Dei 3F-organiserte la ned arbeidet klokka 13.20 onsdag for å gå i møte, skriv dansk TV 2. Men i 15.30-tida gjekk dei tilbake til arbeidet etter at vikaren var sendt heim.

SAS Ground Handling (SGH) tar seg av bagasjen til SAS, men også ei rekke andre flyselskap som Eurowings, Icelandair, Qatar Airways og Thai Airways.

(©NPK)