Hongkong-børsen byr på London-børsen

Selskapet bak Hongkong-børsen vil slå seg saman med børsen i London og byr 355 milliardar kroner.
utenriks

– Hong Kong Exchanges and Clearing Limited kunngjer i dag at selskapet har foreslått overfor styret i London Stock Exchange Group å slå saman dei to selskapa, heiter det i ei fråsegn frå eigarselskapet til Hongkong-børsen.

Bodet har ein verdi på 31,6 milliardar pund, inkludert 2 milliardar pund i gjeld, heiter det vidare i fråsegna.

(©NPK)