Kina gir tollunntak for varer i 16 kategoriar

Kina gir unntak for toll til amerikanske varer i 16 ulike kategoriar, opplyser styresmaktene i Beijing.
utenriks

Det skjer medan forhandlingsmøta mellom USA og Kinas handelsrepresentantar er i ferd med å bli tatt opp att.

Blant dei produkta som blir sett bort frå toll er smørjeolje, kreftmedisin og enkelte løysemiddel, går det fram av ei fråsegn frå det kinesiske finansdepartementet.

Handelskrigen mellom USA og Kina har gått føre seg eit års tid, og viser teikn til å dempe veksten i verdsøkonomien påviseleg. Unntaka er ein gest for å betre forhandlingsklimaet føre dei nye møta i oktober, skriv den statlege kinesiske avisa Global Times.

Tidlegare i månaden innførte USA 15 prosents toll på kinesiske varer til ein verdi av 112 milliardar dollar, mellom anna TV-ar, bøker, bleier og sko. Samtidig trådde kinesisk toll på amerikanske varer til ein verdi av rundt 75 milliardar dollar i kraft. Tollsatsane her er på 5 og 10 prosent.

Skyldnader om urettferdig handelspraksis, brot på opphavsrett og urettferdig tilgang til den kinesiske marknaden står sentralt i striden mellom landa.

(©NPK)