Mugabes båre henta tilbake til Zimbabwe

Kista med Zimbabwes ekspresident Robert Mugabe er henta tilbake til heimlandet for å bli gravlagt. Landet er sterkt splitta om det politiske ettermælet hans.
utenriks

Om lag 2.000 tilhengarar, familie og regjeringsrepresentantar hadde møtt fram då flyet med Mugabes båre landa i hovudstaden Harare onsdag. Kista var sveipt i flagget til landet og vart bore ut av flyet av offiserar frå militæret.

Mannen som i 37 år leidde Zimbabwe med hard hand, døydde i Singapore fredag, 95 år gammal. Helsa byrja å skrante etter at han vart avsett av militæret og tidlegare støttespelarar i november 2017.

Kista med Mugabe skal først bringast til Mugabes private bustad Blue Roof. Torsdag skal han plasserast på eit stadion der publikum kan komme og ta eit siste farvel.

Laurdag blir det halden ein stor gravferdsseremoni i Harare, der den kinesiske presidenten Xi Jinping, Cubas ekspresident Raúl Castro og fleire afrikanske presidentar er venta å vere til stades.

Zimbabwes regjering har meldt at Mugabe skal gravleggjast på ein særskild gravplass for den regjerande eliten i landet, men familien hans har enno ikkje vilja stadfeste at så er tilfelle.

(©NPK)