Stoltenberg: – Vegen til fred i Afghanistan er lang og hard

I ein minnetale 11. september sa NATO-sjef Jens Stoltenberg at alliansen ønsker ei fredeleg løysing i Afghanistan, men at vegen dit er lang og hard.
utenriks

Onsdag talte Stoltenberg og den amerikanske NATO-ambassadøren ved ei minnemarkering utanfor NATO-hovudkvarteret i Brussel. Ved inngangen står eit minnesmerke laga av forvridd stål frå tvillingtårna i New York som rasa i terroraksjonen for 18 år sidan.

– Når vi går forbi dette minnesmerket kvar dag, hugsar vi lidingane og det forferdelege tapet. I dag minnest vi dei 2.977 som mista livet den dagen, sa Stoltenberg.

Heile alliansen stilte seg bak USA i solidaritet den gongen.

– Det var éin for alle, alle for éin. Sidan den gongen har vi kjempa mot terror saman. Tusenvis har tenestegjort, og mange har betalt den høgaste prisen. Vi må sørgje for at tapet deira ikkje var forgjeves, sa generalsekretæren.

Nyleg braut fredssamtalane mellom Taliban og USA saman. 18 år etter invasjonen av Afghanistan, har Nato framleis styrkar i landet.

– Det er for tidleg å seie når det kan bli samtalar igjen, men det må bli nye samtalar. Alle medlemmene i alliansen ønsker ei fredeleg forhandla løysing, men ho må oppfylle nokre grunnleggande vilkår og sikre freden. Målet med det militære nærværet er å legge til rette for ei fredeleg løysing, heldt Stoltenberg fram og innrømte samtidig at vegen til fred i landet er lang og hard.

– Vi vil halde fram å trene afghanske tryggingsstyre slik at dei kan kjempe mot terror i sitt eige land. Vi må sikre at Afghanistan ikkje igjen blir ei trygg hamn for internasjonal terrorisme. I tillegg må vi gjere det vi kan for å sikre kvinners rettar og menneskerettane i landet, sa Stoltenberg.

Hat

På spørsmål om kva han tenker om hatet i verda i dag, svarte han at angrepa 11. september i USA, på Utøya i 2011 og angrep mot muslimar i Noreg og på New Zealand, minner oss om at terror har mange former.

– Terroren misbruker mange ulike religionar og politiske ideologiar, men alt handlar om det same, det handlar om hat. Det må vi kjempe mot med haldningar og verdiar, men nokon gonger òg med politi, etterretning og militære maktmiddel, svarte NATO-sjefen.

Mintest heltane

USAs NATO-ambassadør Kay Bailey Hutchison Ho mintest dei drepne og dei ho kalla heltane frå 11. september.

– Mannskap frå naudetatane, brannfolk, vanlege borgarar som risikerte livet for å hjelpe

Ho trekte òg fram solidariteten USA opplevde etter angrepet.

– Vår allierte stilte seg bak oss. Nato var svaret på spørsmålet om kollektiv tryggleik for 70 år sidan og er det framleis, sa Hutchison.

– Så lenge vi står samla.

(©NPK)