Trump markerte 11. september-angrepa

President Donald Trump heidra offera for 11. september-angrepa, som ramma USA for 18 år sidan og vart årsaka til invasjonen av Afghanistan.
utenriks

Saman med kona Melania deltok Trump i ei markering utanfor Det kvite hus i Washington onsdag. Det amerikanske flagget hang på halv stong medan dei frammøtte mintest offera for 11. september-angrepa i stille.

Trump skulle deretter delta i ei markering i forsvarsdepartementet Pentagon, ifølgje nyheitsbyrået AP. I New York skulle pårørande til offera for terroraksjonen delta i ein minneseremoni.

18 år er gått sidan terroren som kosta nesten 3.000 menneske livet. Kapra passasjerfly vart køyrde inn i World Trade Center og Pentagon. Eit fjerde kapra fly styrta i eit jorde i Pennsylvania.

Terroraksjonen vart utført av den ytterleggåande islamistgruppa al-Qaida, som den gongen hadde treningsleirar i Afghanistan.

USA svarte med å invadere Afghanistan nokre månader seinare. Islamistrørsla Taliban, som hadde makta i landet, vart avsett.

Taliban vart omdanna til ei opprørsrørsle, og krigen i Afghanistan held framleis på i dag. Trump har gått i forhandlingar med Taliban i eit forsøk på å få slutt på konflikten.

I helga opplyste Trump at han hadde avlyst eit forhandlingsmøte på landstaden til presidenten Camp David der Taliban skulle ha deltatt.

Fleire amerikanske politikarar reagerte sterkt på Trumps Taliban-invitasjon sidan Camp David var éin av stadane der USAs regjering sat i krisemøte etter terroraksjonen i 2001.

(©NPK)