Høgsterett i USA godkjenner Trumps asylreglar

Høgsteretten i USA har godkjent lova som hindrar dei fleste migrantane frå Mellom-Amerika å søke asyl i landet.
utenriks

Høgsterett har tatt stilling til den omdiskuterte regelen som hindrar alle som tidlegare har passert gjennom eit anna land på veg til USA, å søke asyl.

Avgjerda, som opphevar ei mellombels rettsavgjerd frå ein lågare domstol, vil innebere at dei aller fleste som prøver å ta seg inn i USA, vil bli sendt tilbake til det første landa utanfor sitt eige slik at dei i staden må søke asyl der.

Dei fleste som kryssar den sørlege grensa er mellomamerikanarar som rømmer frå vald og fattigdom. Dei er stort sett ikkje kvalifiserte til å søke asyl i USA under den nye regelen.

(©NPK)