USA vil forby smakstilsette e-sigarettar

Styresmaktene i USA varslar at dei vil forby salet av smakstilsette e-sigarettar for å hindre at unge brukarar blir offer for alvorleg lungesjukdom.
utenriks

I ei overraskande melding onsdag sa president Donald Trump at han og førstedame Melania som foreldre var bekymra etter utbrotet av alvorleg lungesjukdom, som blir kopla til e-sigarettar. Fleire hundre er rapport sjuke og seks personar har døydd dei siste vekene.

– Vi har begge lese om dette, mange har lese. Menneske døyr av damping, sa Trump til pressefolk i Det kvite hus.

I USA har smakstilsetningar til e-sigarettar vorte ein multimilliardindustri på kort tid. Frukt- og godterismakar som «drueslush» og «jordbær-sukkerspinn» har klar appell til barn og unge, sjølv om det er ulovleg å selje e-sigarettutstyr til personar under 18 år.

I nokre delstatar er aldersgrensa 21 år.

30 dagar

Trump møtte pressa saman med helseminister Alex Azar som sa at eit forbod mot smakstilsette e-sigarettar vil bli forma ut på kort tid. Det vil då vidare bli ein 30-dagars frist før forbodet blir sett i kraft.

Eit forbod mot smakstilsette e-sigarettar vil innebere at alle andre smakar enn tobakkssmak blir forbode. Ei undersøking det amerikanske mattilsynet, Food and Drug Administration, har gjennomført viser at ein firedel av amerikanske high school-elevar har nytta seg av e-sigarettar dei siste 30 dagane, trass aldersgrensa for brukarutstyr.

Undersøkinga viser vidare at eit stort fleirtal av brukarane vel frukt, mentol eller mintsmak når dei skal dampe. Smakstilsetningar som inneheld nikotin er svært vanedannande.

Må søke godkjenning

Sjølv om tobakkssmak framleis vil vere tillate å selje, blir det understreka av produsentane av e-sigarettar må søke om godkjenning innan mai neste år for å halde fram salet. Salet av e-sigarettar utgjorde i 2018 over 90 milliardar kroner.

Helseminister Azar varslar likevel at fleire tiltak vil bli vurdert dersom det viser seg at ungdom går over til å bruke e-sigarettar med tobakkssmak.

Trumps initiativ får brei støtte frå både republikanske og demokratisk side. Kritikarar seier det er på høg tid etter at administrasjonen ikkje har tatt tak i problemet tidlegare. Måndag skulda FDA den største produsenten av e-sigarettar, JUUL, for å ha brote lova når dei har påstått at damping er mindre skadeleg enn røyking.


(©NPK)