EU-trio vil ha meir dialog for å trappe ned konflikten med Iran

Europeiske land meiner det trengst meir diplomati og ny dialog for å trappe ned den spente situasjonen med Iran.
utenriks

I ei felles fråsegn fredag skriv landa at det er behov for «diplomatisk innsats med sikte på nedtrapping og gjenopptaking av dialogen» for å takle den stadig meir spente situasjonen.

Dei uttrykkjer djup bekymring for Irans handlingar den siste tida og ber landet slutte med alle aktivitetar som ikkje er i samsvar med atomavtalen, og å samarbeide med Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) om alle relevante saker.

Tyskland, Frankrike, Storbritannia og EUs utanrikssjef Federica Mogherini står bak fråsegna. Alle var for drygt fire år sidan med på å forhandle fram den internasjonale atomavtalen med Iran. Det var òg Kina, Russland og USA, men USA trekte seg i fjor frå avtalen og innførte på nytt harde sanksjonar mot Iran.

Dei siste månadene har Iran gradvis byrja å gå bort frå forpliktingane som landet tok på seg i byte mot at sanksjonane vart fjerna.

Denne veka stadfesta IAEA at Iran har byrja å førebu bruken av meir avanserte sentrifugar som blir brukt til å opprike uran, noko som vil vere endå eit brot på avtalen.

Dei europeiske landa seier dei er bekymra for at avtalen går endå meir i oppløysing som følgje av dei amerikanske sanksjonane, som i praksis har strypt iransk økonomi, ikkje minst den viktige oljeeksporten.

(©NPK)