Gresk politi slo til mot smuglarliga på flyplassen i Aten

Politiet i Hellas seier dei har stansa ein internasjonal smuglarliga og konfiskert hundrevis av forfalska og stolne pass på flyplassen i Aten.
utenriks

Ei kvinne er arrestert med 401 stolne eller forfalska pass og ID-kort, som ho ifølgje politiet hadde smugla til Hellas frå utlandet.

Det er ikkje stadfesta kva land ho kom frå eller kva for ein nasjonalitet ho har, men etter kva det tyske nyheitsbyrået DPA kjenner til, er ho rumensk statsborgar. Ho skal ha reist til Aten frå Bucuresti.

Internasjonale smuglarligaar har i årevis selt stolne og forfalska reisedokument til migrantar som prøver å ta seg frå Hellas til andre land i Europa. Blant kjøparane er syriske flyktningar som ønsker å søke asyl i vesteuropeiske land.

Smuglarar tek opptil 6.000 euro, nesten 60.000 kroner, per person for dokumenta. Norske pass skal vere blant dei dyraste.

Nesten kvar dag blir personar arrestert på greske flyplassar i det dei prøver å ta seg til land i Vest-Europa.

Dei siste vekene har talet på menneske som har tatt seg frå Tyrkia og Hellas, auka kraftig. Torsdag opplyste den greske kystvakta at i alt 427 menneske hadde komme dei greske øyane med båt på 24 timar.

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) sa tidlegare i veka at talet på tilkommer til Hellas er det høgaste på tre år. Nesten 36.400 menneske har komme til landet frå byrjinga av året til 8. september, av dei kom 28.000 sjøvegen over Egearhavet.

(©NPK)