Minst 28 barn omkom i brann på skule i Liberia

Minst 28 barn og ein lærar har mista livet i ein brann på ein internatskule i Liberia, opplyser styresmaktene i det vestafrikanske landet.
utenriks

Brannen på koranskulen i Paynesville, 11 kilometer aust for hovudstaden Monrovia, braut ut rundt midnatt natt til onsdag. Elevane låg då og sov på internatet til skulen.

Ifølgje ein talsmann for politiet vart bygningen heilt overtent og berre imamen, ein lærar og to elevar rakk å ta seg ut.

Ein talsmann for president George Weah opplyste i morgontimane at 26 barn og to lærarar omkom i brannen, men seinare kom det ulike opplysningar. Onsdag kveld opplyser kontoret til presidenten at 28 barn og ein lærar mista livet.

– Det er fullstendig hjarteskjerande og ulykksalig at vi mista så mange uskuldige liv i flammane, sa Weah då han sjølv besøkte branntomta onsdag.

– Eg ber for familiane til barna som døydde i Paynesville. Dette er ei vanskeleg tid, både for dei og for heile Liberia, sa han.

Augevitne fortel at foreldre stod utanfor bygningen og gret medan dei såg på at flammane vart sløkte og dei døde vart borna ut i likposar.

– Eg sov då eg høyrde bråk utanfor. Kona mi opna bakdøra og vi såg at røyk kom ut av framsida av bygget. Då vi kom ut, såg vi ein kraftig brann på baksida, seier den lokale innbyggaren Zazay, som bur ved den no utbrente skulen.

Ein annan innbyggar, som kallar seg Ballah, fortel at fleire naboar hjelpte til i sløkkearbeidet.

– Vi gjekk og henta vatn og prøvde å sløkke flammane. Då brannmannskapa kom fram, var det full fyr, seier han.

(©NPK)