OECD: Fleire arbeidsinnvandrarar og færre asylsøkarar i 2018

OECDs årlege migrasjonsrapport viser at talet på asylsøknader låg 35 prosent lågare i 2018 samanlikna med toppåra 2015–2016.
utenriks

Rapporten vart presentert i Berlin onsdag. Tala omfattar OECDs 36 medlemsland.

Han viser at talet på asylsøknader låg på 1,07 millionar i 2018, mot 1,65 millionar per år i 2015 og 2016.

I Tyskland fall talet på asylsøknader til 162.000, ein nedgang på 18,3 prosent.

Medan talet på menneske som kom til Tyskland for å søke asyl, fall, var det ein markant oppgang i talet på personar som kom for å søke arbeid, opplyser OECDs innvandringsekspert Thomas Liebig.

På slutten av fjoråret hadde rundt 70 prosent av innvandrarane greidd å finne arbeid i Tyskland, sjølv om mange var overkvalifiserte og underbetalte for det arbeidet dei utførte.

Ifølgje OECDs generalsekretær Angel Gurría har Polen vorte det viktigaste mottakslandet for mellombels arbeidsinnvandring, med ein auke på 32 prosent i 2017 samanlikna med året før. Mange kjem frå Ukraina og Kviterussland.

OECD står for Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling og omfattar i alt 36 industriland i ulike delar av verda.

(©NPK)