Eriksen Søreide ber Tyrkia vere tilbakehaldande

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er svært bekymra for situasjonen i Nord-Syria.
utenriks

– Vi følgjer nøye med på utviklinga og har merkt oss rapportar i media om at ein tyrkisk militæroperasjon no skal vere i gang. Vi oppmodar under alle omstende Tyrkia til å vere tilbakehaldande og respektere internasjonal humanitær rett, seier Eriksen Søreide i ei skriftleg fråsegn til NTB.

Ho legg til at det i dag er vanskeleg å seie korleis situasjonen vil utvikle seg, og kva som eventuelt vil skje med IS-fangane, blant dei fleire nordmenn, som sit i al-Hol-leiren.

– Vi er svært bekymra for situasjonen for sivilbefolkninga i området, der fleire hundre tusen allereie er internt fordrivne og bur i vertssamfunn eller leirar.

(©NPK)