Pentagon: USA har sendt ytterlegare 3.000 soldatar til Saudi-Arabia

USA har sendt 3.000 soldatar til Saudi-Arabia i tillegg til dei som allereie er der, etter at to viktige oljeanlegg vart angripne for ein månad sidan.
utenriks

Det opplyser det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon fredag.

Nyheita om utplasseringa kjem ein knapp månad etter at to viktige saudiarabiske oljeanlegg vart angripne.

Både USA og Saudi-Arabia har skulda Iran for angrepa, som førte til at store delar av den saudiarabiske oljeproduksjonen vart slått ut i fleire dagar.

Etter angrepet sende USA av garde ei gruppe soldatar til landet, men no er det fleire som skal av stad.

(©NPK)