Sikta for terror etter knivangrep i Manchester

Fire menneske er skadde i eit knivangrep på eit kjøpesenter i Manchester. Den antatte gjerningsmannen er arrestert og sikta for terror.
utenriks

Politiet vart i 11.15-tida varsla om at fleire menneske var stukne med kniv på Arndale-senteret i Manchester og rykte ut med store styrkar.

Fire menneske vart skadde i angrepet. To kvinner, den eine 19 år gammal, er ifølgje politiet sende til sjukehus med skadar etter at knivstikka. Tilstanden til begge kvinnene skal vere stabil.

Ein mann i 50-åra er òg send til sjukehus med knivskadar, men tilstanden hans er ikkje kjent. Ein fjerde person, ei kvinne i 40-åra, fekk førstehjelp på staden, men vart ifølgje politiet ikkje stukken.

Ein video som er lagt ut på sosiale medium, viser at politiet legg den antatte gjerningsmannen i bakken utanfor kjøpesenteret.

Seinare fredag opplyste politiet at den arresterte mannen er sikta for terror. Mannen er i 40-åra, men identiteten hans og motivet for angrepet er førebels ikkje kjent.

Storbritannias statsminister Boris Johnson skriv i ei Twitter-melding at han er sjokkert over angrepet, og at tankane hans er hos dei som vart skadde og alle andre ramma.

– Takk til dei framifrå nødetatane våre, som rykte ut, og som no etterforskar det som skjedde, skriv Johnson.

(©NPK)