Tyrkia får åtvaringar mot å halde fram militæroffensiven

Tyrkia haustar sterk kritikk for militæroffensiven sin mot kurdarmilitsen i Nord-Syria, og Pentagon seier det kan få «alvorlege følgjer» dersom dei held fram.
utenriks

USAs forsvarsminister Mark Esper ringde fredag den tyrkiske kollegaen sin, Hulusi Akar, og «oppmoda på det sterkaste Tyrkia til å stoppa angrepa nordaust i Syria», heiter det i ei kunngjering frå Pentagon.

– Forsvarsministeren gjentok at vi set pris på det strategiske bilaterale forholdet vårt, men at desse angrepa kan få alvorlege følgjer for Tyrkia, heiter det vidare.

Espers talsmann gjorde det òg klart at USA er sterkt imot den tyrkiske militæroffensiven, noko som Tyrkia fekk klar beskjed om før angrepa starta.

NATO-uro

Generalsekretæren i NATO, Jens Stoltenberg, som besøkte Istanbul fredag, gav òg uttrykk for «alvorleg bekymring» over militæroffensiven NATO-landet Tyrkia har starta i Nord-Syria.

– Eg har delt den alvorlege uroa mi over denne operasjonen og den faren for ytterlegare destabilisering av regionen han inneber, sa Stoltenberg etter eit møte med Tyrkias utanriksminister Mevlüt Çavusoglu.

– Sjølv om Tyrkia har alvorlege tryggleiksmessige bekymringar, forventar vi at Tyrkia er tilbakehalden, sa han.

– Det er ikkje nok å seie: «Vi forstår den legitime bekymringa deira». Vi forventar klar og høglydt solidaritet, var svaret frå Cavusoglu.

– Fabrikkert påstand

EU-president Donald Tusk kritiserte òg den tyrkiske militæroffensiven fredag.

– Tyrkia må forstå at den store uroa vår er at handlingane deira kan føre til ein ny humanitær katastrofe, noko som vil vere uakseptabelt, sa han.

Tyrkisk UD tilbakeviser kritikken og kallar Tusks påstand om ein humanitær katastrofe for «fabrikkert for å kunne diskreditere Tyrkias forsøk på å få bukt med terrorisme».

Ifølgje ei kunngjering frå departementet er det berre den kurdiske YPG-militsen og deira gøymestader, våpenlager og anlegg som blir angripne.

Putin uroleg

Russlands president Vladimir Putin slutta seg til rekka av kritikarar fredag og gav uttrykk for frykt for at den ytterleggåande islamistgruppa IS kan reise seg igjen som eit resultat av den tyrkiske militæroffensiven.

– Eg er ikkje sikker på om den tyrkiske hæren er i stand til å få kontroll over dette. Dette er ein reell trussel mot oss, sa Putin, som viste til at tusenvis av IS-krigarar i kurdisk fangenskap kan få sjansen til å rømme som følgje av angrepa.

– Vi må vere klar over dette og mobilisere etterretningsressursane våre for å svare på denne klare trusselen, sa Putin.


(©NPK)