Tyrkia held fram angrepa – tapstala stig i Syria

Tyrkias angrep mot kurdarmilitsen i Syria held fram, og tapstala stig. Arabiske stammar sluttar seg til angriparane, sjukehus må stenge, og mange flyktar.
utenriks

Den tyrkiske forsvarsleiinga hevda fredag at 342 «terroristar», nemninga dei bruker på soldatar i den kurdiske YPG-militsen, er drepne sidan offensiven starta onsdag ettermiddag.

Ifølgje Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) er 41 kurdiske militssoldatar drepne til no i dei tyrkiske angrepa. 17 sivile er òg drepne, sju av dei fredag, ifølgje SOHR.

– Fire av dei vart drepne i eit flyangrep mot bilen dei flykta i frå Tell Abyad, opplyser leiaren i den syriske eksilgruppa Rami Abdulrahman. Dei tre andre vart, ifølgje han, drepne av snikskyttarar inne i byen.

Fredag ettermiddag kom det òg meldingar om kraftige eksplosjonar i den syriske grensebyen Qamishli, der fleire skal ha vorte drepne.

Baby gravlagd

På tyrkisk side skal ni sivile vere drepne i YPG-angrep mot tyrkiske landsbyar dei siste dagane, blant dei fem barn.

Den ti månader gamle babyen Mohammed Omar Saar vart boren til grava i Akcakale fredag, og mange i gravfølgjet ropte slagord mot den kurdiske PKK-geriljaen, som samarbeider tett med YPG.

Ifølgje det statlege tyrkiske nyheitsbyrået Anadolu vart to sivile drepne i eit granatangrep mot landsbyen Suruc fredag, og same dag døydde eit barn som torsdag vart såra i eit angrep mot Ceylanpinar.

Den kurdiske militsen angreip fredag òg eit hotell med journalistar i Nusaybin i Tyrkia, rett over grensa frå Qamishli. To tyrkiske journalistar skal ha vorte lettare såra i angrepet.

To tyrkiske regjeringssoldatar er òg drepne, og fleire er ifølgje forsvarsleiinga i Ankara såra i kamp på syrisk side av grensa sidan offensiven starta.

Ingen av tapstala er likevel stadfesta frå uavhengige kjelder.

Fly og artilleriangrep

Fredag heldt dei tyrkiske fly- og artilleriangrepa mot Ras al-Ain fram, og det vart òg høyrt skotveksling inne i den syriske grensebyen.

Ifølgje ein Reuters-journalist i Ceylanpinar på tyrkisk side køyrde ein kolonne med tyrkiskstøtta, syriske militssoldatar i 20 pansra køyretøy over grensa. Soldatane gjorde sigersteikn, ropte «Allahu Akbar» og vifta med syriske flagg medan dei sette kursen mot Ras al-Ain.

Rundt 120 kilometer lenger vest heldt dei tyrkiske styrkane fram artilleriangrepa mot Tell Abyad, som ligg få kilometer frå Akcakale på tyrkisk side, der nærare 20.000 soldatar frå den tyrkiskstøtta opprørsalliansen Den frie syriske hæren (FSA) har basen sin.

Militære kurdiske kjelder opplyser at fleire stammar i Nord-Syria òg har tatt parti for angriparane, og at sovande celler er vekte til live og har gjennomført angrep mot kurdiske militssoldatar. SOHR melder òg at arabiske innbyggarar i grenseområdet har slutta seg til dei tyrkiske regjeringsstyrkane og FSA-militsen.

Stengde sykehus

Ifølgje FN er minst 100.000 menneske drivne på flukt sidan den tyrkiske militæroffensiven starta.

Ein talsmann for WFP minner om at rundt 650.000 menneske i Nord-Syria er avhengige av matvarehjelp frå FN, og at kamphandlingane kan gjere det svært vanskeleg å nå dei.

Leger Uten Grenser (MSF) melder at fleire av sjukehusa i området har måtta stenge som følgje av kamphandlingane, blant dei det største, som ligg i Tell Abyad. Dette fordi dei tilsette har flykta.

Evakuerer leir

Dei kurdiske styresmaktene opplyste fredag at dei ser seg nøydde til å evakuere rundt 7.000 flyktningar frå ein leir vest for Ras al-Ain, som følgje av kamphandlingane i området.

Mabruk-leiren ligg rundt tolv kilometer frå grensa til Syria, og fredag landa det granatar like ved leiren. Flyktningane skal no transporterast til ein annan leir lenger sør.

Tunnelar og skyttargraver

Gatene i Ras al-Ain og Darbasiya, rundt 60 kilometer lenger aust, var fredag folketomme, og tyrkiske styrkar og alliert milits har inntatt landsbyane som ligg rundt.

– Det er kraftige kampar mellom SDF og tyrkarane på fleire frontar, først og fremst mellom Tell Abyad og Ras al-Ain, opplyser SOHR.

– SDF har grave tunnelar, skyttargraver og vollar for å forsvare seg, ifølgje SOHR.

Den kurdiske militsen hevda fredag å ha tatt tilbake to av dei elleve landsbyane frå tyrkiske styrkar, men heller ikkje desse opplysningane lèt seg stadfeste frå uavhengig hald.



(©NPK)