USAs eksambassadør til Ukraina seier Trump kravde å få henne avsett

USAs tidlegare ambassadør til Ukraina seier president Trump pressa det amerikanske utanriksdepartementet til å fjerne henne frå stillinga.
utenriks

Tidlegare ambassadør Marie Yovanovitch forklarte seg for Kongressen fredag i samband med etterforskinga Demokratane har sett i gang med sikte på å stille Trump for riksrett.

Yovanovitch vart i mai i år fjerna frå ambassadørstillinga. Det skjedde etter at ho kravde at Rudy Giulianis oppmodingar til ukrainske tenestemenn om å etterforske demokraten Joe Biden og sonen Hunter for korrupsjon, måtte gå via offisielle kanalar.

Giuliani er Trumps personlege advokat, og Biden er ein av favorittane til å bli Trumps motkandidat i presidentvalet neste år.

I opningsinnlegget sitt, som nyheitsbyrået AP har fått tilgang til, forklarte Yovanovitch at ho brått vart kalla tilbake til utanriksdepartementet i mai og vart der fortald at presidenten ikkje lenger hadde tillit til henne.

Yovanovitch forklarte vidare at ho fekk vite av ein tenestemann at det var sett i gang ein kampanje mot henne i utanriksdepartementet, og at Trump hadde pressa tenestemenn til å fjerne henne frå ambassadørposten i nærare eitt år.

Ho fortalde òg at ho stilte seg tvilande til at styresmaktene hadde bestemt seg for å fjerne henne «på grunnlag av ugrunna og falske påstandar frå folk med openbert tvilsame motiv».

(©NPK)