Tyrkia blir skulda for krigslovbrot og brot på våpenkvile

Kampane held fram ved ein syrisk grenseby, og Tyrkia blir skulda for brot på våpenkvila og for krigslovbrot. 14 sivile er drepne fredag, ifølgje SOHR.
utenriks

Journalistar i Ceylanpinar på tyrkisk side av grensa melde frå morgontimane fredag om sporadiske skotsalver og granatangrep i Ras al-Ain, nokre få kilometer unna. I staden for å minke, auka kamphandlingane i omfang utover dagen.

Etter nokre timar vart det meldt om drepne sivile i dei tyrkiske angrepa aust og vest for Ras al-Ain, ifølgje tal som eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) har innhenta.

– Tyrkiske luftangrep og granatangrep frå tyrkiskallierte opprørarar fredag har tatt livet av 14 sivile i Bab al-Kheir og nærliggjande landsbyar, sa SOHR-leiar Rami Abdulrahman på ettermiddagen.

Hjelpeorganisasjonen kurdisk Røde Halvmåne opplyste at ambulansane deira ikkje kunne køyre inn i Ras al-Ain for å evakuere såra på grunn av kamphandlingane.

Sivile område

Angrepet på fredag heldt fram utover dagen etter at USA kunngjorde at Tyrkia har gått med på ein fem dagar lang pause i kamphandlingane mot tidlegare amerikanskstøtta kurdisk milits.

– Trass i avtalen om å stanse kamphandlingane, held fly- og artilleriangrepa fram mot stillingane våre, mot sivile område og sjukehuset i Ras al-Ain, seier ein talsmann for den kurdiskleia SDF-militsen, Mustefa Bali.

Den fem døgn lange våpenkvila vart oppnådd under eit møte mellom den amerikanske visepresidenten Mike Pence og den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan i Ankara og skulle gi kurdiske militssoldatar høve til å trekke seg ut av visse område.

Åtvaring frå Erdogan

Ei slik tilbaketrekking lèt seg ifølgje SDF ikkje gjennomføre så lenge angrepa heldt fram.

Erdogan åtvara fredag om at offensiven vil bli tatt opp att umiddelbart om ikkje kurdiske styrkar er ute av det oppgitte området innan tysdag kveld.

SDF har insistert på at avtalen berre gjeld eit mindre område der det har vore harde kampar dei siste dagane. Også USA har erkjent at avtalen berre gjeld delar av området der Tyrkia vil opprette ei såkalla tryggingssone.

Krigslovbrot

Amnesty International skuldar dei tyrkiske regjeringsstyrkane og tyrkiskstøtta militssoldatane for å ha gjort seg skuldig i krigslovbrot under militæroffensiven nordaust i Syria.

– Tyrkiske regjeringsstyrkar og ein koalisjon av tyrkiskstøtta væpna grupper i Syria har utvist ein skammeleg mangel på respekt for sivile liv og gjort seg skuldige i alvorlege overgrep og krigslovbrot, mellom anna utanomrettslege avrettingar, ifølgje menneskerettsorganisasjonen.

Tyrkisk ansvar

Amnesty viser til omfattande angrep mot bustadområde og sivile mål som eit bakeri og ein skule, og dessutan likvideringa av den kurdiske politikaren Hevrin Khalaf. Ho vart stansa og drepen av soldatar frå Ahrar Al-Sharqiya, ein av militsane som inngår i opprørsalliansen som er væpna og trena av Tyrkia.

– Tyrkia har ansvaret for handlingane til væpna syriske grupper som dei støttar, væpnar og kontrollerer, seier generalsekretær Kumi Naidoo i Amnesty International.

Tyrkiske styresmakter har ikkje kommentert skuldingane frå Amnesty.

Sivile offer

Ifølgje kurdiske styresmakter i Syria er over 220 sivile drepne sidan Tyrkia innleidde angrepa sine. Ifølgje SOHR er hittil 86 sivile drepne på syrisk side, og 20 sivile drepne på den tyrkiske sida av grensa.

Tyrkiske styresmakter har opplyst at 18 sivile er drepne på tyrkisk side etter angrep frå kurdisk milits.

– Dersom kurdiske styrkar fyrer av upresise våpen mot sivile område i Tyrkia, så er dette eit brot på folkeretten. Dei må straks stanse slike ulovlege angrep, krev Amnesty.


(©NPK)