Fleire skogbrannar herjar i Australia

Australske brannmannskap kjempar mot fleire tital skogbrannar aust i landet og seier dei aldri har vore i ein liknande situasjon.
utenriks

Om lag hundre skogbrannar har oppstått i delstatane New South Wales og Queensland i Australia, og 17 av desse var fredag framleis rekna som farlege og ikkje under kontroll.

– Vi har aldri sett så mange brannar samtidig som det blir varsla om på krisenivå. Vi er i ukjent farvatn, seier ein talsmann for brannvesenet i New South Wales til den australske kringkastaren ABC.

Mindre buskbrannar er vanlege i Australia, og brannmannskap har i månadsvis sløkt sporadiske småbrannar før sommaren i landet no er i ferd med å starte. Den nye bølgja med skogbrannar er ein tøff start på det forskarar fryktar blir ein hard brannsesong.

Klimaendringar og uheldige vêrsyklusar har bidratt til ei kruttønne med kraftig vind, låg luftfukt og høge temperaturar.

Det er førebels ikkje meldt om dødsfall som følgje av brannane, men det har vorte meldt at bygningar har tatt fyr, og at folk har vorte sitjande fast i bustadene sine.

Skogbrannane er spreidde på ein om lag 1.000 kilometer strekning langs kysten, noko som gjer sløkkearbeidet vanskeleg for redningsmannskapa.

Sjølv om det er nytta rundt 70 fly og helikopter, har brannane brote igjennom brannsperringar, og tvinga styresmaktene til å stenge motorvegen som knyter storbyane Sydney og Brisbane saman.

(©NPK)