Toppmøte om Syria skal haldast i desember

I desember skal det haldast eit toppmøte om Syria mellom leiarane for Frankrike, Tyskland, Storbritannia og Tyrkia, opplyser det tyrkiske presidentkontoret.
utenriks

Det tyrkiske nyheitsbyrået Anadolu fortel at dei fire landa har vorte samd om å halde ein spesiell runde om Syria samtidig som dei er i London 3. og 4. desember for å delta på NATOs toppmøte.

President Recep Tayyip Erdogan vil benke seg rundt bordet med statsminister Angela Merkel, statsminister Boris Johnson og president Emmanuel Macron for å prøve å dempe spenninga internt i alliansen i kjølvatnet av den tyrkiske offensiven mot kurdarane i Syria i oktober.

Erdogan fekk til dels krass kritikk frå sine NATO-allierte etter denne intervensjonen, og han skulda fleire land for å ta «terroristane si side».

Den tyrkiske frammarsjen stoppa etter at to avtalar om våpenkvile kom i stand med hjelp av Russland og USA. President Erdogan har likevel trua med å ta opp att offensiven viss kurdisk milits ikkje heilt og fullt trekker seg ut av ein 30 kilometer brei sone i grenseområdet, inne på syrisk område.

(©NPK)