Dei konservative i Storbritannia blir kritiserte for å endre namn på Twitter-konto

Det konservative partiet i Storbritannia villeidde folk, meiner Twitter. Toryane endra namn på Twitter-kontoen sin til factcheckUK under ein TV-debatt.
utenriks

Under den direktesende TV-debatten tysdag kveld, mellom Labour-leiar Jeremy Corbyn og den konservative statsministeren Boris Johnson, tvitra toryane fleire «bevis» på at det Corbyn sa var feil.

Under brukarnamnet skreiv dei at dei «Faktasjekkar Labour frå hovudkontoret til Dei konservative».

Etter debatten endra dei brukarnamnet tilbake til det vanlege namnet sitt.

Braut Twitter-reglar

Twitter kritiserer hendinga og ei talskvinne seier at Dei konservative har brote reglane i selskapet.

– Dersom det skjer fleire forsøk på å villeie folk ved å endre verifisert informasjon på Twitter-kontoar, slik som vi såg under debatten i Storbritannia, vil vi ta grep, seier ei talskvinne for Twitter.

Toryanes stunt har fått fleire til å reagere.

– Det er upassande og villeiande av presseavdelinga i Dei konservative å endre namn til factcheckUK, tvitra ein av dei uavhengige faktasjekkarane i Storbritannia, Full Fact, etter debatten.

Ein av Labours parlamentsmedlemmer, David Lammy, meiner at saka må etterforskast.

– Valkommisjonen må undersøke og straffe dette forsøket på å villeie offentlegheita, sa han.

– Tull frå Labour

Utanriksminister Dominic Raab frå der konservative partiet forsvarar det presseavdelinga gjorde. Han seier til BBC at ingen bryr seg om kva som skjer i sosiale medium under ein slik debatt, og at folk er mest opptatt av argumenta til kandidatane.

– Realiteten er at dei som skal stemme, kjem til å gjere opp si eiga meining om dei ulike påstandane, seier Raab til BBC.

Vidare seier han at Dei konservative ikkje kjem til å finne seg i «tullet» som kjem frå Labour.

(©NPK)