Hellas vil stenge asylleirar på øyane og erstatte dei med stengde leirar

Hellas vil etablere opptil fem stengde leirar for asylsøkarar på dei greske øyane, og samtidig stenge dei opne leirane på mellom anna Lesvos og Samos.
utenriks

Den konservative greske regjeringa har fleire gonger tidlegare varsla at ho vil stenge leirane på dei greske øyane, der det bur tre til fire gonger så mange flyktningar og migrantar som det er plass til.

Onsdag opplyste regjeringa at dei vil etablere opptil fem stengde leirar på øyane Samos, Chios, Lesvos, Kos og Leros. Leirane blir beskrivne som «før utsending-senter», av avisa Kathimerini.

Ifølgje ein talsperson for regjeringa skal dei nye leirane både ha i oppgåve å identifisere, relokalisere og deportere asylsøkarar.

Dei nye stengde sentera skal etter planen huse mellom 1.000 og 5.000 menneske kvar, ifølgje Kathimerini.

Hellas' konservative regjering ønsker å setje i verk ei rekke tiltak for å handtere den kraftige auken i talet på flyktningar og migrantar som har komme til Hellas dei siste månadene.

Mellom anna har dei foreslått å fjerne alle ankemoglegheiter i behandlinga av asylsøknader og trappe opp utsendinga av personar som får avslag på asylsøknadene.

Moria-leiren på Lesvos er blant leirane som regjeringa ønsker å stenge. Den nedlagde militærleiren har kapasitet til å huse om lag 3.000 menneske, men i august passerte talet på bebuarar 10.000. Over 70 prosent av bebuarane i Moria-leiren er frå Afghanistan.

(©NPK)