Full stans i togtrafikken mellom Narvik og Kiruna etter snøskred

Det er full stans i togtrafikken mellom Narvik og Kiruna på grunn av eit snøskred som skjedde over sporet mellom Björkliden og Abisko i Sverige.
utenriks

Skredet skjedde i sjutida måndagsmorgon og snøryddarar har vore på plass gjennom dagen og har byrja oppryddingsarbeidet. Dei har sett i verk sprenging for å losne skredsnøen som ligg over sporet.

Det svenske jernbaneverket, Trafikverket, antar at togtrafikken skal vere i gang igjen klokka 13 tysdag.

– Grunnen til at det tar så lang tid å rydde unna snøen, er vêret og tryggingsrisikoen for dei som utfører arbeidet, seier pressetalsperson i Trafikverket Eva Rehnström til TT.

E10 er òg stengd over Bjørnfjell på svensk side på grunn av uvêr. Meteorologisk institutt i Sverige har meldt om kraftig vind opp mot 24 meter per sekund saman med tette snøbyer som gir dårlege siktforhold på vegane.

Vegen blir venta å vere open igjen klokka 6 tysdag morgon, skriv TT.

(©NPK)