Snøstorm aust i USA skaper krise i delstaten New York

Guvernøren i New York har erklært unntakstilstand i sju fylke i delstaten på grunn av snøstormen som har ramma austkysten av USA.
utenriks

Politiet i delstaten har rykt ut til fleire enn 740 trafikkulykker og hjelpt meir enn 550 bilar som har fått problem som følgje av uvêret.

New York-guvernør Andrew Cuomo har sett 300 soldatar frå nasjonalgarden inn i arbeidet med å rydde unna snø i austre delar av delstaten.

Fleire skular i andre statar er stengde og fleire enn 280 fly ut frå USA er kansellerte medan minst 1.200 avgangar er forseinka.

Sidan søndag har det falle over 30 centimeter i og rundt delstatshovudstaden Albany.

Fram til tysdag morgon er det ifølgje meteorologane venta å falle opp mot ein halv meter snø i store delar av det nordaustre USA, frå Pennsylvania til Maine.


(©NPK)