Erna Solberg møtte Litauens president: – Takk!

Statsminister Erna Solberg (H) fekk takka Litauens president Gitanas Nauseda for hjelpa i Frode Berg-saka då dei to møttest på NATO-toppmøtet i London.
utenriks

Solberg og Nauseda heldt eit eige møte i kulissane av toppmøtet, som gjekk av stabelen ved den eksklusive golfklubben The Grove utanfor London.

Før møtet sa Solberg at ho ville nytte høvet til å takke presidenten for fleksibiliteten og den gode vennskapen Litauen har vist i saka.

– Eg trur mykje av det som skjedde her, skjedde nettopp fordi vi er gode samarbeidspartnarar innanfor NATO, sa Solberg.

Spiondømde Frode Berg vart sett fri frå Russland via Litauen for to veker sidan.

(©NPK)