Etterforskinga av Tsjekkias statsminister blir tatt opp att

Etterforskinga av Tsjekkias statsminister Andrej Babis blir tatt opp att. Han er mistenkt for bedrageri og for misbruk av EU-midlar, seier ein statsadvokat.
utenriks

Saka må etterforskast nærare for å kunne avgjere om ho fører til tiltale eller blir lagt bort, seier statsadvokat Pavel Zeman.

Skuldinga gjeld EU-subsidiar på 2 millionar euro som vart betalt ut for rundt ti år sidan til bygginga av eit spahotell og konferansesenter utanfor Praha. Babis blir skulda for å ha prøvd å skjule eigarskapet sitt til selskapet for at prosjektet skulle kunne få subsidiane. Finansieringa frå EU var meint for mindre selskap.

Etterforskinga av fleire av multimilliardærens familiemedlemmer kjem ikkje til å bli tatt opp att.

Det går for tida òg føre seg ei EU-gransking av Babis.

Han overførte holdingselskapet sitt Agrofert til stiftingar kort tid før han vart statsminister i 2017. Ein hemmelegstempla, førebels rapport frå EU-granskinga vart nyleg leken til tsjekkiske medium. Der heiter det at Babis, som er Tsjekkias nest rikaste person, framleis tener på selskapet han grunnla.

EU kan derfor komme til å krevje å få betalt tilbake opptil 170 millionar kroner som har vorte utbetalte til selskap som høyrer til Agrofert.

I juni deltok over 200.000 menneske på ein demonstrasjon i Tsjekkias hovudstad Praha der det vart sett fram krav om at statsministeren måtte gå av.

(©NPK)