Jussprofessorar meiner Trump har misbrukt makta si

Fire jussprofessorar var onsdag kalla inn som vitne i riksrettsgranskinga i justiskomiteen av Donald Trump. Tre av dei meiner Trump må stillast for riksrett.
utenriks

Professor Pamela Karlan frå Stanford University er blant dei som meiner Trumps åtferd versus Ukraina kan definerast som så alvorleg at han bør føre til riksrettssak mot presidenten.

Ho karakteriserer oppfordringa hans til Ukrainas president om å etterforske demokraten Joe Biden som eit spesielt alvorleg tilfelle av maktmisbruk fordi det «undergrev sjølve demokratiet».

Også professor Noah Feldman frå Harvard University meiner at Trumps åtferd nettopp er slik at lova om riksrett skal gjelda.

Den tredje jussprofessoren, Michael Gerhardt frå University of North Carolina, sa i forklaringa si at «dersom ikkje dette kvalifiserer til riksrett, så er det ingenting som gjer det».

– Vil kollapse

Ein fjerde professor, Jonathan Turley frå George Washington University, åtvarar likevel mot å stille Trump for riksrett. Han meiner det ikkje finst nok bevis og at riksrettssaka vil «kollapse».

Seansen på onsdag bar sterkt preg av den store splittinga mellom Demokratane og Republikanarane. Medan Demokratane meiner Trump må fjernast som president på grunn av maktmisbruk, argumenterer Republikanarane for at prosessen både er grunnlaus og urettferdig mot Trump.

Leiaren av justiskomiteen, demokraten Jerrold Nadler, meiner at Trump fleire gonger har bedt om utanlandsk hjelp til å påverke valet, og at han kan komme til å gjere det igjen viss han ikkje blir avsett.

– Vi kan ikkje vente til valet med å handtere den noverande krisa. Presidenten har vist oss handlingsmønsteret sitt. Viss vi ikkje gjer noko for å få kontroll på han, vil president Trump nesten med sikkerheit prøve igjen å be om ei innblanding i valet som han sjølv kan tene politisk på, sa Nadler.

Avbrytingar

Republikanarane brukte høyringa på onsdag til å protestere på nytt mot at Demokratane har sett i verk ei riksrettsgransking. Dei meiner det heile er eit forsøk på å oppheve Trumps valsiger i 2016.

– Dei likar berre ikkje fyren, sa republikanaren Doug Collins og kalla granskinga for ei skam, slik Trump òg har gjort.

Då høyringane i justiskomiteen byrja, protesterte fleire republikanarar med ein gong. Dei var venta å bruke mykje av tida til å avbrytingar og til å stille spørsmål ved reglane for å forseinke høyringa.

Frå diplomatar til juristar

Riksrettsgranskinga av Trump går føre seg i Representanthuset, der Demokratane har fleirtal. Høyringane starta i etterretningskomiteen og held no fram i justiskomiteen.

Det er justiskomiteen som skal avgjere korleis ein eventuell riksrettstiltale skal utformast, medan ei eventuell riksrettssak skal føregå i Senatet, der Trumps eige parti, Republikanarane, har fleirtal.

Medan det var diplomatar og embetsfolk som vart innkalla for å forklare seg i etterretningskomiteen, er tida no komme til jussekspertane.


(©NPK)