Johnson oppmodar britane til samhald

Boris Johnson oppmoda britane til å legge åra med bitter strid og usemje bak seg og la det byrja ein «lækingsprosess».
utenriks

Den britiske statsministeren var fredag hos dronning Elizabeth, som formelt gav han oppdraget med å danne ei ny regjering. Deretter reiste Johnson til Downing Street nr. 10 der han heldt ein tale utanfor den berømte døra.

– På måndag vil vi i Westminster danne eit nytt parlament, og eg er stolt over å kunne seie at nokre av medlemmene av den nye regjeringa vår – ei regjering for folket – kjem frå valkretsar der det ikkje har vore vald ein konservativ på 100 år, sa han og lova samtidig å ikkje svikte den tilliten som veljarane har vist han og partiet hans.

Han lova òg å lytte til dei som er mot brexit og å leie «ei inkluderande regjering for heile nasjonen».

– Eg oppmodar alle til å legge konfliktane bak seg og la såra blir lækte, sa han.

Dei konservative gjorde eit brakval torsdag og fekk med sine 365 mandat eit solid fleirtal i Parlamentet. Det er det største fleirtalet partiet har hatt sidan valsigeren til Margaret Thatcher i 1987.

(©NPK)