Riksrettssaka kan byrje denne veka

Representanthuset i USA skal onsdag halde ei avstemming om å overføre riksrettssaka mot president Donald Trump til Senatet.
utenriks

Det stadfestar leiaren for Representanthuset, demokraten Nancy Pelosi, etter at tidspunktet vart omtalt av fleire av partifellane hennar.

Etter avstemminga vil sjølve riksrettssaka i Senatet kunne byrje om nokre dagar.

– Senatet må velje mellom grunnlova og ein dekkoperasjon, skriv Pelosi på Twitter tysdag.

Utsetjing

Inntil no har Pelosi utsett overføringa av skuldingspunkta til Senatet. Grunnen er at ho har ønskt forsikringar om at vitne vil bli kalla inn til Senatet under riksrettssaka.

Noko slik forsikring har ho ikkje fått frå Mitch McConnell, leiaren for det republikanske fleirtalet i Senatet. Likevel har ho no vedtatt å føre prosessen vidare.

Tiltaleavgjerda i saka vart vedtatt av Representanthuset i desember. Trump er skulda for maktmisbruk og for å ha forhindra Kongressens arbeid.

Pressa Ukraina

Bakgrunnen for saka er at Trump i fjor prøvde å presse styresmaktene i Ukraina til å starte ei etterforsking som ville ha involvert demokraten Joe Biden. Han håper å bli Trumps motkandidat i presidentvalet i USA seinare i år.

Sjølv om Demokratane meiner Trump er uskikka til å vere president, blir han mest sannsynleg frikjend av det republikanske fleirtalet i Senatet. Medlemmene av Senatet fungerer som jury i riksrettssaker i USA.

Representanthuset skal onsdag òg peike ut ei gruppe representantar som vil fungere som klagarar i riksrettssaka.

Når saka byrjar i Senatet, vil dei hundre senatorane formelt bli tatt i eid av høgsterettsjustitiarius John Roberts.


(©NPK)