Etterforskinga av Danske Bank blir utvida i Estland

Styresmaktene i Estland har utvida etterforskinga av mogleg kvitvasking i den estiske filialen til Danske Bank.
utenriks

No dreier det seg om fleire enn ti saker med pengestraumar på til saman over 13 milliardar danske kroner, opplyser styresmaktene til avisa Berlingske.

Opphavleg var det to saker som vart etterforska. Påtalemakta i Estland samarbeider med fleire andre land i etterforskinga, blant dei USA.

Danske Bank har sjølv tidlegare konkludert med at det passerte mistenkjelege pengestraumar tilsvarande opptil 1.500 milliardar kroner gjennom den estiske filialen mellom 2007 og 2015. Filialen er i dag nedlagt.

(©NPK)