Giuliani-kontakt: Trump visste om Biden-press i Ukraina

Ein nær medarbeidar av Trumps advokat seier at den amerikanske presidenten var direkte involvert i å legge press på Ukraina for å etterforske rivalen Joe Biden
utenriks

Forretningsmannen Lev Parnas utsegner, som kom i eit intervju med TV-kanalen MSNBC, vekkjer oppsikt og går rett til kjernen av riksrettssaka mot Donald Trump.

Parnas seier han sette fram eit ultimatum overfor Ukrainas påtroppande president, Volodymyr Zelenskyj, på vegner av Rudy Giuliani: Ingen høgtståande amerikanske tenestepersonar kom til å delta på innsettinga hans og kritisk viktig amerikansk militærstøtte ville bli halde tilbake dersom ei etterforsking av Biden ikkje vart kunngjort.

Vart halden oppdatert jamleg

Parnas seier òg at Trump var klar over Giulianis innsats for å sikre ei etterforsking av den demokratiske presidentkandidaten i Ukraina og at presidenten vart halden oppdatert jamleg.

Parnas seier han ikkje gjorde noko utan Giuliani eller Trumps samtykke.

– President Trump visste nøyaktig kva som gjekk føre seg, sa Parnas.

I riksrettssaka har republikanarane hevda at Trumps tilbakehalding av militær støtte til Ukraina ikkje var for å presse fram ei etterforsking av Biden som ei motyting.

Dersom det Parnas seier er sant, kan det styrke saka til demokratane mot Trump. Så langt har likevel det republikanske fleirtalet i Senatet avvist materialet som har komme fram i etterforskinga, og ser ut til å slutte rekkene i forsvaret av presidenten.

Amerikansk kontrolletat meiner Trump braut lova

Torsdag vart det òg kjent at den amerikanske kontrolletaten Government Accountability Office (GAO) konkluderer med at Trump braut lova då han heldt militærstøtta til Ukraina tilbake.

Etaten inngår i den amerikanske riksrevisjonen og rapporterer direkte til Kongressen.

Avgjerda kjem samtidig som Senatet opnar behandlinga av riksrettssaka mot Trump, skriv The Washington Post.

Det kvite hus usamde

Lova som ifølgje GAO er broten, gjeld korleis Det kvite hus disponerer pengar som er løyvde av Kongressen. Presidenten kan ikkje byte ut dei politiske prioriteringane til Kongressen som er nedfelte som lov, med sine eigne politiske prioriteringar, ifølgje GAO.

Det kvite hus er usamde i konklusjonen. Dei kritiserer kontrolletaten for å prøve å gjere seg relevante og plassere seg sjølv inn «dagens kontrovers i media».

Ukraina etterforskar overvaking

Intervjuet blir gjort i etterkant av ei stor offentleggjering av materiale Demokratane i Representanthuset har henta inn i etterforskinga av Trump. Tekstmeldingar sendt mellom Parnas og ein republikansk kongresskandidat har mellom anna reist spørsmål om mogleg overvaking av USAs Ukraina-ambassadør Marie Yovanovitch. I meldingane blir det mellom anna diskutert moglegheiter for å få henne vekk.

Yovanovitch vart plutseleg fjerna frå stillinga i mai. Ukrainske styresmakter har no starta etterforsking av mogleg ulovleg overvaking av henne.

I samband med riksrettshøyringa har Yovanovitch forklart at ho følte «seg skoten i knea» av ein svertekampanje som Giuliani skal ha stått i spissen for.

Ukrainas innanriksdepartement seier at dei ikkje blandar seg inn i intern, amerikansk politikk.

– Men dei publiserte beskjedane inneheld opplysningar om moglege brot på ukrainske lover, heiter det i ei pressemelding frå innanriksdepartementet.

(©NPK)