Microsoft med store klima-ambisjonar

Microsoft har ambisjonar om å bli «karbonnegativ» innan 2030. Klimautsleppet til alle selskapet sidan 1975 skal etter planen fjernast frå atmosfæren innan 2050
utenriks

Selskapet, som er eitt av dei mest verdifulle i verda, seier i eit blogginnlegg at det har arbeidd for å vere karbonnøytralt sidan 2012.

– Nøytralt er likevel ikkje nok for møte behovet i verda, skriv Microsofts president Brad Smith.

Omgrepet karbonnegativt inneber at selskapet vil fjerne meir av klimagassen CO2 frå atmosfæren enn det tilfører. For å oppnå dette målet skal Microsoft mellom anna investere 1 milliard dollar i eit fond som skal investere i teknologi for karbonfangst.

– Medan verda vil bli nøydd til å oppnå eit nettoutslepp på null, bør dei av oss som har råd til å gå lenger og handle raskare, gjere det, står det i fråsegna frå selskapet.

(©NPK)