Senatet godkjenner ny, nordamerikansk handelsavtale

Senatet i Washington har med stort, tverrpolitisk fleirtal godkjent ein ny handelsavtale som omfattar USA, Canada og Mexico.
utenriks

Godkjenninga blir sett på som ein siger til president Donald Trump, og kjem medan senatorane er i ferd med å innleie behandlinga av riksrettssaka mot presidenten.

89 senatorar stemte for, medan 10 stemte mot, og avtalen blir no send til Det kvite hus for signering.

Handelsavtalen erstattar den 25 år gamle North American Free Trade Agreement (NAFTA), som Trump og andre kritikarar har gitt skulda for at mange amerikanske arbeidsplassar har vorte flytta til Mexico.

Onsdag underteikna Trump første delen av ein handelsavtale med Kina.

(©NPK)