Covid-19: Fleire virusdødsfall vart talde to gonger

Over 5.000 nye virussmitta er rapportert det siste døgnet i Kina, og 121 dødsfall er stadfesta, opplyser styresmaktene. Samtidig er dødstalet justert ned.
utenriks

116 av dei nye dødsfalla skjedde i den hardt ramma Hubei-provinsen, der virusutbrotet starta i desember.

Det er registrert 5.090 nye smittetilfelle i heile Kina, dei fleste av dei er klinisk diagnostiserte, opplyser styresmaktene.

Det samla talet på smitta er 51.986 i provinsen. I heile Kina er talet på smitta 63.851.

Reviderte tal

Dødstala i Kina vart reviderte og justerte ned fredag fordi styresmaktene opplyste at nokre døde var talde meir enn éin gong. Det reviderte dødstalet er no 1.380.

Den nasjonale helsekommisjonen fjerna 108 døde etter å ha oppdaga «duplikata» i statistikken i Hubei-provinsen, ifølgje den daglege oppdateringa. Det vart ikkje gitt fleire detaljar. Kommisjonen fjerna òg 1.043 frå talet på stadfesta smitta i Hubei.

Omfanget av epidemien såg ut til å breie om seg torsdag, då helsestyresmaktene endra diagnostiseringa av pasientar. Då vart det registrert 254 døde på eitt døgn. Det blir no brukt røntgen for å avdekkje sjuke i tillegg til laboratorietestar.

Den nye metoden gjorde at nærare 15.000 pasientar i Hubei vart rekna som smitta av det nye koronaviruset. Hubei rapporterte om 4.800 nye tilfelle fredag.

Over 1.700 kinesiske helsearbeidarar smitta

Minst seks kinesiske helsearbeidarar er døde av covid-19-viruset. 1.716 har fått påvist smitte, ifølgje styresmaktene.

Kinesiske helsestyresmakter kjem med informasjonen fredag og understrekar samtidig at legar og sjukepleiarar har tatt stor risiko som følgje av mangelen på masker og vernedrakter.

Tala kjem ei veke etter dødsfallet til den 34 år gamle kinesiske legen som vart kjent for å ha varsla om virusutbrotet. Det skapte sterke reaksjonar blant folk då det vart kjent at politiet først prøvde å stanse han i å spreie varsel på nettet og også skulda mannen for ryktespreiing.

Japan trappar opp innsatsen

Japanske styresmakter melder at dei trappar opp innsatsen mot spreiinga av viruset. Torsdag døydde ei 80 år gammal kvinne som var smitta av covid-19-viruset, og det er stadfesta nye tilfellet i landet, skriv Reuters.

Dødsfallet fører talet på døde utanfor Kina opp i tre. Ein person har døydd i Hongkong, og ein person døydde på Filippinane.

Det er nær 450 stadfesta tilfelle i 24 land og område utanfor Kina. 33 av desse er i Japan, og 218 av dei er på eit cruiseskip som ligg utanfor kysten av landet.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) har åtvara om at stabiliseringa av smitte- og dødstala må tolkast med enorm varsemd, og at utbrotet framleis kan tippe begge retningar.

(©NPK)