Trump hevdar han kan gripe inn i straffesaker

USAs president Donald Trump meiner han er i den fulle retten sin til å gripe inn i straffesaker i rettsvesenet viss han bestemmer seg for det.
utenriks

I ei Twitter-melding fredag kommenterte Trump det oppsiktsvekkande TV-intervjuet med USAs justisminister William Barr.

Barr åtvara om at jobben hans nærast har vorte umogleg på grunn av Trumps Twitter-meldingar. Fråsegna vart tolka som kritikk av Trumps angrep på aktoratet i rettssaka mot den tidlegare rådgivaren til presidenten Roger Stone.

I intervjuet sa likevel Barr òg at Trump aldri har bedt han om å «gjere noko i ei straffesak». Trump viser fredag til denne fråsegna, men gjer det samtidig klart at han meiner han har ein juridisk rett til å «gjere noko» viss han skulle ønske det.

(©NPK)