Forslag om våpenforbod avvist i Virginia

Guvernør Ralph Northam klarte ikkje å overtale dei folkevalde i delstaten Virginia i USA til å vedta eit forbod mot sal av visse typar automatvåpen.
utenriks

Fire av Northams partifellar i Det demokratiske partiet stemte mot forslaget i ein komité i senatet i delstaten måndag. Dermed var det ikkje fleirtal for det, og saka skal no i staden til behandling i ein kommisjon.

Forbod mot sal av såkalla assault weapons har vore ei svært viktig kampsak for Northam. Forslaget som no er avvist, var ein noko utvatna versjon av tidlegare forslag som ville innebere forbod mot å ha visse halvautomatiske våpen.

Tidlegare i år har Northam klart å få vedtatt enkelte andre innstrammingar av våpenlovene i delstaten.

(©NPK)