Demokrat-veteranane rett i strupen på nykommar Bloomberg

Milliardæren Michael Bloomberg vart angripen for det meste han har gjort, gjer og eig i Demokratanes debatt i Las Vegas.
utenriks

Det var fem veteranar og éin steinrik nykommar i debatten onsdag kveld, og temperaturen var høg. Elizabeth Warren var absolutt ute etter å teikne eit lite flatterande bilde av den tidlegare ordføraren i New York.

– Eg vil snakke om kven vi stiller mot: Ein milliardær som kallar kvinner «feite kvinnfolk» og «lesber med hestetryne». Og nei, eg snakkar ikkje om Donald Trump. Eg snakkar om ordførar Bloomberg, sa Warren.

– Vi tek ein stor risiko om vi erstattar éin arrogant milliardær med ein annan.

Behandling av kvinner, kvinnesyn og maktmisbruk stod sentralt òg i andre delar av debatten, der Amy Klobuchar på eit tidspunkt skar gjennom diskusjonen om trakassering og nedlatande ordbruk på nettet, til stor applaus, med kommentaren: «Eg har et forslag til korleis vi kan stoppe mannleg sjåvinisme på internett. Vi kan nominere ei kvinne.»

– La meg snakke ferdig!

Ifølgje New York Times fekk kvinnene mest taletid i debatten, med 16 minutt og 35 sekund til Warren og 15 minutt og 55 sekund til Klobuchar.

Debutanten Bloomberg, kanskje ikkje så driven til å ta eller behalde ordet, fekk minst, med sine 13 minutt og 2 sekund. Mykje av den tida gjekk med til å frustrert seie den same setninga: «Kan du berre la meg bli ferdig?» då alle motdebattantane konstant snakka i munnen på han.

Han prøvde òg å forsvare formuen sin, og då han vart spurd om det var riktig at han skulle tene så mykje pengar, sa han at han har jobba veldig hardt for å bli milliardær.

Kva side er han på?

På scena i den niande demokratiske presidentdebatten stod òg Bernie Sanders, Pete Buttigieg og Joe Biden.

Bernie Sanders hamra òg laus på Bloomberg, lurte på kva slags demokrat han er og trekte fram den tidlegare støtta hans til republikanaren George W. Bush og motstanden mot å heve minimumslønna i USA. Sanders, som er sjølverklært «demokratisk sosialist», har òg tidlegare gått til verbalt angrep på Bloomberg, som blir rekna for å vere langt meir moderat og til dels konservativ i økonomiske spørsmål.

Også tidlegare visepresident Joe Biden fyrte laus og sa at Bloomberg hadde undergrave tidlegare president Barack Obamas helsepolitikk og mellom anna kalla Obamacare «ei skam».

Bloomberg nekta for dette og sa at han er fan av Obamacare, men Biden stod fast ved at Bloomberg snakka nedsettande om lova då ho vart innført.

Fornærma Klobuchar

Amy Klobuchar stod for ein av dei mest fornærma augneblinkane då Buttigieg trekte fram at ho førre veke gløymde namnet til den mexicanske presidenten Andrés Manuel López Obrador.

– Prøvar du å seie at eg er dum? Gjer du narr av meg, Pete, freste Klobuchar, som fekk støtte frå Warren som kalla Buttigieg urettferdig.



(©NPK)