FN-sjefen forferda over angrepet i Hanau

FNs generalsekretær António Guterres uttrykker forferding over masseskytinga i Hanau i Tyskland.
utenriks

– Generalsekretæren står i solidaritet med Tyskland, og han gjentar si eiga oppfordring om at vi alle fornyar løftet vårt om å få ein slutt på rasisme, rasediskriminering, framandhat, antisemittisme og muslimhat, seier Guterres' talsmann til pressa i New York.

Ti menneske vart skotne og drepne og seks såra. Den antatte gjerningsmannen, ein 43 år gammal tysk statsborgar, er òg død.

(©NPK)