Libyas regjering tar opp att fredssamtalane

Libyas FN-støtta regjering, som trekte seg frå fredssamtalane tysdag, er tilbake ved forhandlingsbordet i Genève.
utenriks

Statsminister Fayez al-Serraj og den libyske regjeringa trekte seg frå fredssamtalane etter eit angrep mot hamna i Tripoli, utført av opprørsgeneralen Khalifa Haftars LNA-milits.

Angrepet var eit brot på våpenkvila og kunne ifølgje FN ha fått eit katastrofalt utfall fordi det ramma tett ved eit tankskip lasta med flytande gass.

Torsdag kveld opplyste ein talsmann for FNs operasjon i Libya at den libyske regjeringa har vedtatt å ta opp att fredssamtalane.

– Samtalane er i gang igjen, sa talsmannen Jean El-Alam.

Oljerike Libya har vore prega av kaos og anarki sidan opprørarar med luftstøtte frå Noreg og andre NATO-land i 2011 styrta Muammar Gaddafis regime.

Sidan har ei rekke militsgrupper kjempa om makta, noko som har bidratt til å gjere Libya til eit senter for menneskehandel og eit bruhovud for flyktningar og migrantar som prøver å ta seg sjøvegen til Europa.

I april i fjor vart situasjonen ytterlegare forverra då opprørsgeneralen Khalifa Haftar og militsen hans innleidde ein offensiv mot Tripoli.

Ei skjør våpenkvile er formelt på plass, men denne blir broten ifølgje FN regelmessig.

FN har dei siste vekene samla partane til fredssamtalar i Genève, men utan at dette har resultert i noko gjennombrot.

(©NPK)