Merkel: – Rasisme er ei gift

Rasisme er ei gift og eit hat som eksisterer i det tyske samfunnet, seier Tysklands statsminister Angela Merkel etter skytemassakren i Hanau.
utenriks

Ni personar vart skotne og drepne på to kafear i den vesttyske byen Hanau onsdag kveld. Blant dei drepne er det fleire tyrkarar og kurdarar, ifølgje den tyske avisa Bild.

– Rasisme er ei gift, hat er ei gift. Denne gifta eksisterer i samfunnet vårt og er allereie skuld i altfor mange lovbrot, sa Merkel på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag.

Ho stadfesta er det er mykje som indikerer at angrepet i Hanau var rasistisk motivert.

Merkel understreka vidare at den tyske regjeringa vil gjere alt i si makt for å hindre dei som prøver å splitte landet.

Den antatte gjerningsmannen i Hanau, som vart funnen død i leilegheita si saman med den døde mora si, var truleg motivert av framandfiendtlege haldningar, ifølgje tyske styresmakter. Saka blir etterforska som terror.

(©NPK)