Personleg info om 10,6 millionar hotellgjester delt på nett

Over 10,6 millionar personar som har budd på hotella til MGM Resorts, skal ha fått konfidensiell informasjon leke på eit hackarforum.
utenriks

Det melder teknologinettstaden ZDNet, som saman med ein tryggingsekspert har fått stadfesta og verifisert dataa på hackarforumet.

Det er snakk om personleg informasjon som gjestene har opplyst om ved besøka sine på MGM Resorts' hotell: fullt namn, privatadresser, telefonnummer, fødselsdato og e-postadresser. Informasjonen vart lagt ut på hackarsida denne veka. Blant dei 10.683.188 personane som er omtalte, er det mange kjendisar, politikarar og leiarar i nokre av dei største teknologiselskapa i verda.

Ein talsperson for MGM Resorts stadfestar det som er skjedd via e-post. Informasjonen vart innhenta i juli i fjor. Ein talsperson i MGM seier til ZDNet at informasjonen som vart lagt ut på nett denne veka, stammar frå ein sikkerheitsbrist.

– I fjor sommar oppdaga vi uautorisert tilgang til ein skyserver som inneheldt ei avgrensa mengde informasjon om visse tidlegare gjester, opplyser MGMs talsperson.

Alle dei tidlegare gjestene som er omfatta av lekkasjen, er informerte.

(©NPK)