Roger Stone blir dømt til over tre år i fengsel

Donald Trumps nære allierte Roger Stone blir dømt til 40 månader i fengsel etter at justisdepartementet overkøyrde aktoratet, som tilrådde minst sju år.
utenriks

Stone vart i november kjent skuldig på alle punkt i den omfattande tiltalen, som dreier seg om at han forhindra Kongressens gransking i eit forsøk på å verne Trump.

Stone er mellom anna dømt for vitnepåverknad og for å ha loge til Kongressen om sambandet sitt til WikiLeaks.