Sanders favoritt før Nevada-valet

Nominasjonsdebatten til Demokratane i Las Vegas handla mykje om Michael Bloomberg, men Bernie Sanders leier på alle meiningsmålingane som er publiserte denne veka.
utenriks

Det er venta at nominasjonskampen til Demokratane i USA kjem til å spisse seg til med val i Nevada laurdag og South Carolina neste helg. Deretter følgjer den såkalla supertysdagen 3. mars, der 14 delstatar held røystingar på same dag.

Etter eit elendig resultat i Iowa er det knytt spenning til Joe Bidens resultat i Nevada laurdag. Den tidlegare favoritten til å vinne nominasjonskampen var saman med Elisabeth Warren blant dei som var mest frampå i Las Vegas-debatten. Men favoritten til å vinne i Nevada laurdag er likevel Bernie Sanders, skriv The New York Times.

Sanders mot Bloomberg

Mange moderate demokratar fryktar no at Sanders kjem til å skaffe seg ei leiing dei neste to vekene som gjer det umogleg å ta han att. Sanders leier ti av ti meiningsmålingar som er sleppte denne veka, skriv FiveThirtyEight.

Inntoget til milliardæren Michael Bloomberg kan splitte dei moderate demokratane ytterlegare. Bloomberg er ein av dei som tviler på om Sanders er i stand til å vinne presidentvalet og sa at det å gjere han til kandidat er som å gi Trump fire nye år.

Pete Buttigieg, som vann kaosvalet førre månad i Iowa med knapp margin, angreip både Sanders og Bloomberg under debatten og viste samtidig spagaten partiet står i.

– Vi skal ikkje trenge å velje mellom ein kandidat som vil brenne ned partiet, og ein annan kandidat som vil kjøpe ut partiet, sa Buttigieg.

Bloomberg fekk gjennomgå

I debatten i Las Vegas natt til torsdag norsk tid fekk Bloomberg gjennomgå. Han har brukt svimlande 3,5 milliardar kroner på reklamar opp mot supertysdagen, men har til no unngått å møte veljarar og dei andre kandidatane i nominasjonskampen.

Elizabeth Warren var ei av dei som nytta sjansen til å teikne eit lite flatterande bilete av den tidlegare ordføraren i New York.

– Eg vil snakke om kven vi stiller mot: Ein milliardær som kallar kvinner «feite kvinnfolk» og «lesber med hestetryne». Og nei, eg snakkar ikkje om Donald Trump. Eg snakkar om ordførar Bloomberg, sa Warren.

– Vi tar ein stor risiko om vi erstattar éin arrogant milliardær med ein annan, erklærte ho.

Bloomberg fekk òg minst taletid og brukte mykje av tida på å be andre vere stille når han snakka.

(©NPK)