Skytemassakren i Tyskland blir etterforska av terrorpolitiet

Ei antiterror-eining i den nasjonale påtalemakta i Tyskland overtar etterforskinga av skytemassakren i Hanau.
utenriks

– Nasjonal påtalemakt tar over etterforskinga på bakgrunn av tydinga saka har, seier ein talsperson

Han legg til at det er teikn som tyder på eit framandfiendtleg motiv bak drapa.

Minst ni personar vart onsdag kveld skotne og drepne på to såkalla hookah-barar, der det blir røykt vasspipe.

Den antatte gjerningsmannen er funnen død i ei leilegheit saman med ein annan død person. Han etterlét seg eit brev der han gir uttrykk for høgreradikale haldningar, ifølgje avisa Bild.

(©NPK)