Sterke reaksjonar på Oljefondets investeringar

At Oljefondet har investert i selskap svartelista av FN, vekker sterke reaksjonar. LO krev at selskapa blir kasta ut av fondet. Ap vil ha regjeringa på banen.
utenriks

– Eg forventar at regjeringa sørgjer for at Etikkrådet og Noregs Banks hovudstyre følgjer opp den nye oversikta frå FNs høgkommissær for menneskerettar og tar nødvendige avgjerder om utestenging av enkeltselskap, seier Anniken Huitfeldt (Ap), som er leiar for utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

FN har publisert ei liste over 112 selskap med verksemd knytt til israelske busetjingar. Ein gjennomgang NTB har gjort, viser at Oljefondet har investert over 19 milliardar kroner i 28 av desse selskapa.

Krev utestenging

LO krev at Oljefondet utestenger dei 28 selskapa på FN-lista.

– Vi er kjente med at Oljefondet har investert i selskap på FNs svarteliste, og vi har hatt kontakt med dei om dette, seier LOs andre nestleiar Roger Haga Heimli til NTB.

– Vi vil følgje opp med eit brev til Etikkrådet der vi ber om at Oljefondet blir trekt ut av desse selskapa, seier han.

Stein Gulbrandsen, som sit i Fagforbundets arbeidsutval, meiner også at retningslinjene til Oljefondet må endrast.

– Skal Noreg ha politisk truverd som ein nasjon som tar vare på folkeretten, må Stortinget gi Oljefondet klarare signal om å kaste ut selskap som ifølgje FN profitterer på å bryte folkeretten, seier han til NTB.

Sjølvsagt

– Noregs regjering har fleire gonger slått fast at dei israelske busetjingane er ulovlege og strid mot folkeretten. Då burde det vere sjølvsagt at vi trekker ut investeringane våre frå selskap som tener pengar på fordriving av palestinarar som bryt med folkeretten, meiner Raudts leiar Bjørnar Moxnes.

SVs Kari Elisabeth Kaski reagerer òg sterkt på kva fondet har investert i.

– Dette er i det heile ikkje godt nok. Oljefondet kan ikkje investere i selskap som bryt folkeretten og står på svartelista til FN, seier ho til NTB.

Eit regjeringsoppnemnt utval går no gjennom dei etiske retningslinjene for fondet og skal levere innstillinga si i juni. Kaski håper på endringar.

Krev innstramming

– Håpet mitt er at ein skal kunne stramme til og gjere retningslinjene tydelege når det gjeld selskap som er delaktige i okkupasjon og bryt folkeretten, seier Kaski.

– Noreg skal ikkje tene pengar på krigslovbrot og menneskerettsbrot, seier Sigrid Z. Heiberg, som er utanrikspolitisk talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne.

– Det er eit politisk ansvar å vedta gode retningslinjer for fondet, og her har tydelegvis Solberg-regjeringa ikkje følgt opp, seier ho til NTB.

– Etikkrådet må få mykje meir ressursar for å styrke den etiske kontrollen av fondet og få myndigheit til å trekke fondet ut av alle selskap som bryt med menneskerettane, seier Heiberg.

Frps utanrikspolitiske talsmann Christian Tybring-Gjedde forstår ikkje kritikken av investeringane til Oljefondet og ser heller ikkje på busetjingane og Israels okkupasjon for å vere ulovleg.

– Israel kontrollerer og forpaktar området i tråd med folkeretten, seier han til NTB.

Altfor høg terskel

– Dei felles sparepengane våre kan ikkje bli investert i selskap som er svartelista av FN, seier generalsekretær Henriette Killi Westhrin i Norsk Folkehjelp til NTB.

Ho krev òg ei skjerping av retningslinjene for kva selskap Oljefondet kan investere i.

– Fondet har ein altfor høg terskel for ekskludering og må innrette seg betre etter dei internasjonale retningslinjene for ansvarleg næringsliv, seier Westhrin.

(©NPK)