Tyrkia: To soldatar drepne i flyangrep i Syria

To tyrkiske soldatar er drepne og fem er såra i eit luftangrep i provinsen Idlib nordvest i Syria, ifølgje Tyrkias forsvarsdepartement.
utenriks

Tidlegare torsdag melde statlege tyrkiske medium og syriske aktivistar at tyrkiskstøtta opposisjonsstyrkar hadde gått til angrep på syriske regjeringsstyrkar i landsbyen Nairab.

Det utløyste kraftige kampar i nærleiken av den strategisk viktige byen Saraqeb, som russiskstøtta regjeringsstyrkar tok tilbake tidlegare i februar.

(©NPK)