Von der Leyen: – Djupt sjokkert etter tragedien i Hanau

Presidenten i EU-kommisjonen og fleire andre EU-toppar uttrykker sjokk og sorg etter skytemassakren i Hanau i Tyskland, der minst ni personar vart drepne.
utenriks

– Eg er djupt sjokkert over tragedien som fann stad i Hanau i går kveld. Tankane mine går til familiane og vener av offera, skriv EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen på Twitter.

Også EU-president Charles Michel og presidenten i EU-parlamentet David Sassoli skriv kondolansemeldingar på sosiale medium.

Minst ni menneske vart onsdag kveld skotne og drepne på to kafear i den vesttyske byen Hanau. Den antatte gjerningsmannen vart seinare funnen død i si eiga leilegheit. Mor hans vart òg funnen død i leilegheita.

Gjerningsmannen var truleg motivert av framandfiendtlege haldningar, ifølgje tyske styresmakter. Saka blir no etterforska som terror.

(©NPK)